Det dårlege resultatet skuldast ein underliggande vekst i utgiftene som ikkje har gått i takt med inntektene til kommunen. Finansbyråden seier at arbeidet med å omstille økonomien til kommunen berre så vidt er starta.
– Tala er blodraude og viser kor alvorleg stoda er for Bergen. Byrådet har sett på bremsene, men utgiftene veks framleis meir enn inntektene. Vi er heilt nøydde til å få ned pengebruken i kommunen, seier Jacob Mæhle.
Svikt i inntektene
I haust viste prognosane at Bergen kunne gå over 900 millionar kroner i minus. Samstundes vart det stramma inn då bystyret behandla revidert budsjett. Sluttresultatet er betre enn prognosen.
– Avvika frå justert budsjett skuldast mindre inntekter frå skatt og mindre utbytte enn venta. Årsresultatet er verre enn venta, men betre enn frykta. Mange i kommunen har gjort ein god jobb med å få ned utgiftene. Den jobben er vi absolutt ikkje ferdige med, så vi må jobbe målretta også i den kommande budsjettprosessen, seier Jacob Mæhle.
Pengar frå sparekontoen
Bergen kommune har framleis pengar på bok i det som kallast for disposisjonsfondet. Byrådet føreslår å dekke inn det negative driftsresultatet ved å hente pengar frå denne sparekontoen.
– Til alt hell har vi pengar på bok dette året. Dei pengane varer ikkje lenge om vi ikkje snarleg får harmonisert inntektene og utgiftene våre. Byrådet har sett i verk fleire grep for å få dette til, seier finansbyråd Jacob Mæhle.
Rekneskapen er førebels, sidan det ikkje er revidert. Endeleg rekneskap vert presentert i full breidde når byrådet legg fram årsmeldinga for 2024.