I veke 10 vert det trafikkaksjon på skulen i regi av FAU. Det kjem til å vere trafikkvakter i gule vestar ute frå klokka 08:00 til 08:30 kvar dag denne veka. Oppgåva deira er å vere synlege i trafikkbildet rundt skulen, og å veilede trafikantar ved behov. Me vil oppfordre alle gåande til å bruke refleks, og minner alle bilistar om å parkere med fronten ut på skulen sin parkeringsplass.
I år vil me ha ekstra fokus på Eikhaugen, då me har sett tidlegare at det er her behovet er størst. Her er det Hjertesone, noko som betyr at det skal vere bilfritt før, under og etter skuletid. Eikhaugen skal ikkje brukast til gjennomkøyring, og elevar skal ikkje sleppast av her. Bruk Stølsvegen, og slepp av på angitt plass i rundkøyringa ved fortballbana. Men, aller helst, la barna gå til skulen om det er mogeleg. Det har dei godt av, og me skaper eit mykje tryggare trafikkbilde om me reduserer antalet bilar som køyrer til og frå skulen om morgonen og ettermiddagen. Me oppfordrar alle foreldre til å lese om Hjertesone-prosjektet her: https://www.tryggtrafikk.no/media/pressemeldinger/hjertesone-rundt-alle-skoler-i-bergen/
Det er lagt ut informasjon om aksjonen på alle trinn sine Facebook-sider, og me oppfordrer foreldre som har anledning til å melde seg som trafikkvakter. Håper mange kan vere med å bidra.
Mvh FAU