Lenge såg det ut som om elevar og lærarar frå Ulsmåg kom til å få ei veke på vinterleirskule utan snø – rett og slett ei barmarksveke. Værmeldingane viste regn og mildvær langt oppover liane i Hålandsdalen. Men så skjedde det som gjerne kan skje – teori og praksis viser ikkej det same. I staden for regn kom det 15 cm snø…Takka vera eit godt samarbeid med Hålandsdal IL og Bygdastølen ski- og tursenter kunne me derfor nytte ein heil dag med uteundervisning i skiløypene på Bygdastølen.
Denne dagen, altså tysdagen, vart nytta til skileik. Ein kort busstur frå leirskulen og me var klare for skiløypene. Elevane fekk utfordre seg med masse rare, merkelege øvelsar med ski på beina – der målet var å oppleve meistring på ski.
Elles gjennom veka har me hatt bygdedag – onsdag på leirskulen. Her blei det, som vanleg, ein praktisk variant av samanlikning av livet sist på 1800-talet og i dag. Handverk- og arbeidssoppgåver med minimal bruk av moderne teknologi utfordrar elevane på ein heilt annan måte enn mange er vant til. Ettermiddagen vart nytta til ein form for friluftsaktivitet i leirskulen sitt nærområde. Bygdedagen vart avslutta med besøket hjå familien Håland.
Torsdag var ny full dag med uteundervisning - denne gongen til fots i skogen. Tematikken var allemannsretten, bål og kompass. Elevane var, mellom anna, med på å lage sine eigne lunsjbål. Ettermiddagen stod gradorientering på programmet. Oppgåva elevane fekk, var å finne vegen gjennom ei orienteringsløype i skogen. Hjelpemiddelet dei fekk nytte seg av var kompasset. Gjennomføring av ei slik løype betyr at kvar enkelt elev får mange repetisjonar på korleis bruke eit kompass.
Så var det fredag igjen og avsluttande dag på leirskule. Utpakking, kyrkjebesøk og avsluttande lunsj stod på dagsplanen før avreisa var eit faktum.
Takk for ei triveleg leirskuleveke saman med elevar og lærarar frå Ulsmåg.