Klar for å starte leirskuleveka
Klar for å starte leirskuleveka
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 8 - Skranevatnet og Nattland

Ei februarveka kan innehelda mykje sjølv med lite dryss av det kvite gullet til Kong Vinter. Denne veka fekk me akkurat nok snø til skiaktivitet, isen var trygg og vintervêret flott i fleire dagar.

Vinteren viste seg frå godsida i starten av leirskuleveka for elevane frå Skranevatnet og Nattland.  På bakkane låg nysnøen og freista og nesten alle vatn i dalen var dekka med is. Det la grunnlaget for vinterleg aktivitet både "til lands og til vanns.” 

Grunnleggande skitrening
Grunnleggande skitrening
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Etter velkomstdag måndag med innføring i leirskulelivet, vêrmeldingstime og samarbeidsaktivitetar var det tysdag duka for ein heil dag på ski i løypene til fjells. Forkunnskapen til elevane i skigåing er svært varierande - for nokre er det første gong ein har ski på beina, medan andre er veldig erfarne. Likevel er ei økt med grunnleggande skiopplæring for alle noko av det første me gjer ein skidag. Ein gjennomgang av ulike måtar å skifta retning med ski på beina, korleis komma seg opp igjen på beina etter eit fall og ulike måtar å bevega seg på med ski er ei økt som kan vera både nyttig og gøy uansett erfaringsbakgrunn. Etter denne økta var me klar for lunsj med felles bål, niste og varm drikke. Med påfyll av energi var me klar for nok ei skiøkt etter lunsj der elevane var innom ulike stasjonar med ulike skiaktivitetar der alt frå “stiv heks” til skistafett og køyring i rekke var aktivitetar.

På veg...
På veg...
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Onsdag hadde me bygdadag heile dagen. Elevane var då på isen og isfiska enten føremiddag eller ettermiddag og så var dei innom ein bygdadagsaktivitet i den motsette økta. Denne dagen var det ein av aktivitetane smia, trearbeid, lefsebaking, gamleskulen, toving eller Gamlestova elevane kunne vera med på.

Isfiske på Vengsvatnet
Isfiske på Vengsvatnet
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Den andre heile turdagen, torsdagen,  vart elevgruppa delt i tre og turane gjekk i ulike retningar. To av gruppene gjekk til fots og hadde skogstur der kunnskap om naturen og allemannsretten var gjennomgåande tema. Den tredje gruppa hadde nok ein skidag, men denne gangen i skiløypene på Holdhus. 

For alle gruppene var det ei lengre lunsjøkt der dei i mindre grupper hadde ansvar for å lage eigne gruppebål og koka opp vatn. Ein aktivitet som krever godt lagarbeid - kven bygger bålet, hentar vatn i bekken, finn pinnar og lager kjeleoppheng? Her måtte ansvaret fordelast og alle kom i mål! 

Dagens fangst
Dagens fangst
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Gruppene til fots hadde gradorientering på veg tilbake mot leirskulen der kompasset var einaste hjelpemiddel.

Fredag var avreisedag der pakking og rydding tok sin naturlege del av dagen. Likevel hadde me tid å gjennomføra ei økt med rollespel og besøk til Holdhus kyrkje der alle elevane fekk leva seg litt inn i korleis det kunne vera å vera ein del av eit bygdasamfunn på 1800-talet.

Tusen takk til elevar og lærarar frå Skranevatnet og Nattland for ei flott veka og riktig god vinterferie til dykk alle!

Jernarbeid i smia
Jernarbeid i smia
Bilde: Hålandsdalen leirskole
På tur til fots
På tur til fots
Bilde: Hålandsdalen leirskole