Bergen kommune vart med i partnarskapen Cities for a Nuclear Free Europe i 2012. Dette var eit år etter ulykka i Fukushima i Japan der eit kjernekraftverk vart øydelagt av eit jordskjelv med ein påfølgjande tsunami.
Bergen kommune har i åra etterpå ikkje vore nokon aktiv deltakar i partnarskapen. I dag er teknologien for kjernekraft i stor utvikling. Byrådet vil at Bergen skal vere del av denne utviklinga.
I november 2024 vedtok bystyret at Bergen skulle jobbe for at det blir etablert kjernekraft i bergensregionen. Fleire av Bergen sine nabokommunar vurderer dette. Byrådet jobbar no med å etablere eit møtepunkt for å utforske korleis ein kan arbeide med teknologien. Byrådet meiner difor at det ikkje lenger er i Bergen kommune si interesse å vere medlem av Cities for a Nuclear Free Europa.
Saka skal til vidare behandling i utval og bystyre.